Til hovedinnhold

Tilgang til satellittdata

Det finst eit stort tal på tenester som gir tilgang til satellittdata og -bilete for private og profesjonelle brukarar.

For nye brukarar kan det vere utfordrande å finne fram til data og bilete ein treng, til rett tid, med god oppløysing og til ein rimeleg pris.

Direktoratet for romverksemd har derfor laga ei oversikt over dei tenestene som er mest nyttige og relevante for norske aktørar innan næringsliv, akademia og offentleg forvaltning. Fleire av tenestene kan òg vere interessante for journalistar, frivillige organisasjonar og andre med interesse for tema som romteknologi, jordobservasjon, klima og miljø.

Dersom du treng meir informasjon om tilgang til og bruk av satellittdata, kan du ta kontakt med fagekspertane våre i avdeling for næringsutvikling og innovasjon.