Til hovedinnhold

Sentinel-data tilpasset Norge

I hovudsak tilpassa brukarar med erfaring i bruk av satellittdata.

Satellittdata.no

Nettsted

https://www.satellittdata.no/nb

Kostnader ved bruk

Tenesta er gratis

Satellitter

Sentinel-1, Sentinel-2, Sentinel-3, Sentinel-5P

Satellittdata.no gir brukarar forenkla tilgang til Sentinel-data, trygg, rask og operasjonell datastraum til nasjonale tenester og lagring av data over norske interesseområde.

Tenesta tilbyr hovudsakleg data gjennom to ulike portalar: Collaborative Hub (ColHub) og National Hub.

ColHub inneheld til ei kvar tid alle Copernicus Sentinel-produkt over norske område i det originale SAFE-formatet. I tillegg vert globale Sentinel-data gjort tilgjengelege i eit rullerande månadsarkiv.

National Hub tilbyr utvalde Sentinel-produkt i SAFE- og NetCDF-format. Desse dataa er spesialtilpassa norske brukarbehov med krav om rask nedlasting.

Brukargrensesnittet er hovudsakleg tilpassa aktørar med erfaring i bruk av satellittdata. Dataa kan vere interessante for offentlege aktørar, næringsliv, akademia og andre.

Tenesta vert driven av Meteorologisk institutt, i samarbeid med Direktoratet for romverksemd.